Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ikkje granske pendlarbustadar

NEI: Stortingsrepresentant for Raudt, Mímir Kristjánsson, har i eit skriftleg spørsmål i Stortinget spurt om Statsministerens kontor skal få på plass ei eiga ekstern gransking av pendlarbustadsakene dei har vore ansvarlege for, skriv Stavanger Aftenblad. Kristjánsson viser til at Statsministerens kontor i fleire saker har stått for handteringa, ikkje Stortinget. Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) nei til. Han svarer at sakene er svært uheldige for tilliten til dei folkevalde, men viser til at ei rekkje prosessar allereie er i gang. Mellom anna leverer eit eksternt utval gjennomgangen sin, og både Riksrevisjonen, politiet og Skatteetaten gjer undersøkingar. ©NPK