Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samansurium får ny meining

MANGE REFERANSAR: Ape-trioen som Alva deler hus med, vil mange kjenna att, men kva gjer dei her? FOTO: MANYMORE FILMS

Nylansert barnefilm til støtte for Ukraina.

(Ukraina, 2019)

Regi og manus: Oleksandr Klymenko.

Norske røyster: Hannah Storm, Øyvind B. Lyse, Espen Sandvik, Jeppe Beck Laursen, Mads H. Skar-Jørgensen, Jon Erling Wevling, Scott Maurstad.

Sjanger: Animasjon.

Aldersgrense: Tillaten for alle.

Lengde: 1 t. 26 min.

Vist på: Kino.

Denne veka har filmdistributøren Manymore Films i samarbeid med norske kinoar relansert den ukrainske animasjonsfilmen «Alva og Regnbuedragen» (2019) som ei solidaritetsmarkering. Kinoar som vel å setja opp filmen, får leiga han gratis. Dei kan sjølv velja korleis dei vil visa filmen, og om dei vil gje eventuelle inntekter til hjelpearbeid. Distributøren skriv i ei pressemelding at dei gjev sine inntekter frå filmen til «veldedige formål i Ukraina». Tiltaket er velmeint, og barn liker som kjent både å høyra og sjå historier og filmar om att, så anten ein har eller ikkje har sett «Alva og Regnbuedragen» før, så er det no ein sjanse til å få med seg denne reprisen på kino.