Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Auka prisvekst gjer det vanskelegare å sikra auka kjøpekraft i lønnsoppgjeret:

Får hjelp av regjeringa

USIKKER: Direktør for Statistisk sentralbyrå og leiar for Teknisk berekningsutval, Geir Axelsen (midt i bildet), la i går fram oppjusterte tal for forventa prisvekst. Bildet er frå då Axelsen la fram ein førebels rapport i februar. FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB Håkon Mosvold Larsen

STRAMT: Krigen i Ukraina gjer at forventa prisvekst for 2022 gjer eit kraftig hopp. Men utan ei hand frå olje- og energiministeren ville det blitt endå verre.

Prisen for å fylla både handlevogna og tanken er unormal høg. No oppjusterer Teknisk berekningsutval (TBU) sitt anslag for forventa prisvekst i 2022 frå 2,6 prosent til 3,3 prosent.