Det krev mot å trassa hat og mistru ved å stå fram som overgrepsoffer for ei rockestjerne.
(USA, 2022)
Regi: Amy Berg.
Med: Evan Rachel Wood.
Sjanger: Dokumentar.
Lengde: 2 delar på 1 t 17 min.
Vist på: HBO Max, premiere 16. mars.
Snart fire og eit halvt år etter at Harvey Weinsteins notoriske overgrepsåtferd vart offentleg avdekt, kunne ein tru at vi har høyrt det meste om seksuelt misbruk i den legale kultursektoren, frå R. Kelly til Svenska Akademien. Vitnemålet til skodespelar Evan Rachel Wood («Westworld») fyller då også ut eit kjent bilde, men «Phoenix Rising» er likevel sjokkerande. Woods framstilling av forholdet til musikaren Marilyn Manson (Brian Hugh Warner) mellom 2006 og 2011 – frå ho var 18 og han 37 år – er noko ikkje eingong Tipper Gore ville fantasert om.