Vondt, sårt, men også varmt om særs formative år.
Cirka Teater, Rosendal Teater
Av: Anne Marit Sæther.
Regi: Kjersti Haugen.
Scenografi: Gilles Berger.
Kostyme: Berit Haltvik With.
Lysdesign: Eirik Torsethaugen.
Musikarar: Erlend Smalås og Martin Smidt.
Med: Anne Marit Sæther.
I snart førti år har Cirka Teater i Trondheim produsert leikne, visuelle, fysiske, humoristiske og grensesprengjande framsyningar på aller høgste nivå. Kjernen i kompaniet er ekteparet Anne Marit Sæther og Gilles Berger, der ho skriv, instruerer og spelar medan han lagar heilt magisk scenografi. Med det særeigne teaterspråket sitt har dei i årevis gledd og underhalde publikum i alle aldrar. For sjølv om det ofte ligg eit alvorleg tema bak produksjonane, er det likevel teatermagien og opplevinga som er det viktigaste. I «Klasserommet», som hadde urpremiere på Rosendal Teater i helga, er samfunnskritikken langt tydelegare, men framleis utan at Cirka gir slipp på dei særeigne varemerka sine.