Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kristeleg Folkeparti har berre vore over sperregrensa to gongar sidan juni 2020:

Vil dyrke sentrum

TENK NYTT: Astrid Aarhus Byrknes (KrF) meiner partiet hennar må sjå familien som noko meir enn berre kjernefamilien. Her frå eit møte i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Lan Marie Nguyen Berg (MDG) til venstre. FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB Håkon Mosvold Larsen

MYRA: KrF heng fast under sperregrensa. Dyrke sentrum og familien, er råda frå dei som har hatt suksess med partiet.

Vi må tilbake til juni 2020 for å finne ei tid der det ikkje var uvanleg at Kristeleg folkeparti var over sperregrensa. Etter det har partiet berre dukka over den magiske grensa på 4 prosent to gongar, og på den ferske målinga til Klassekampen, hamnar partiet på 3,1 prosent. KrF har òg gått frå 27.000 til 17.000 veljarar sidan 2017, skreiv Dagen sist veke.