Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Boikott

  • Vi må bruke alle verkemiddel vi har for å stoppe den russiske staten, det autoritære regimet på toppen og den grufulle invasjonen av Ukraina. Den vestlege verda har vore formidabelt samrøystes i sanksjonane mot staten, eliten og alt som kan finansiere åtakskrigen dei fører. Men Europa treng gassen, så den importen held fram, trass i at det er ei av dei største næringane i Russland og ei av dei som er nærast knytt til regimet.