Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dozhd er livsstilskanalen som vart forsvarar av det frie ord i Russland.

Tv-prinsessa og Putin

MEDIEGRÜNDER: Natasha Sindeeva grunnla Dozhd i 2010, Russlands einaste uavhengige tv-kanal. Etter det har ho gått frå å vera utelivskjendis til å bli stempla som «utanlandsk agent». FOTO: HUMAN

Ei god og aktuell innføring i russisk mediesituasjon.

(Storbritannia, Tyskland / 2021)

Regi: Vera Krichevskaya.

Med: Natasha Sindeeva, Alexander Vinokurov, Anna Forshterer, Mikhail Zygar, redaksjonen i Dozhd.

Undertekst: Engelsk.

Lengde: 1 t. 42 min.

Vist på: Human dokumentarfilmfestival i Oslo, laurdag 5. mars.

«Eventyr i russisk tv» er den tilsynelatande paradoksale undertittelen på «F@ck This Job» – Vera Krichevskayas klårspråklege og svært aktuelle dokumentar om den stadig minkande presse- og ytringsfridomen i Russland. Den røynde tv-produsenten og dokumentaristen Krichevskaya har likevel rett i at historia (som ho sjølv styrer ordet i og er ein del av) er eventyrleg.