Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT

Krev kulturboikott

© FOTO: SERGEI VENYAVSKY, AFP/NTB

Det ukrainske filmakademiet krev full boikott av russisk film- og kinobransje. Eit ope brev som er lagt ut på akademiet si nettside, avrundar med ei inderleg bøn om at den internasjonale filmindustrien må stå solidarisk med Ukraina. Blant signatarane er regissør Oleg Sentsov. «Vi forsvarar ikkje berre landet vårt, vi kjempar mot det komande tyranniet», skriv Sakharov-prisvinnaren frå 2018. Sentsov vart arrestert etter annekteringa av Krim i 2014 og sona fem år av ein svært tvilsam terrordom i russisk fengsel. GK