Stram og velspela tolking av kva som skjer når du lever eit liv i løgn.
Alt før det heile tar til på Rogaland Teaters hovudscene forstår vi av Nora Furuholmens haustfarga og regntunge scenografi at det kviler noko tyngande og dystert over mønsterbruket der den myndige Helene Alving (Marianne Holter) regjerer. For i «Gjengangere» er det fedranes løgner som går att som ei forbanning over alt og alle. Då Henrik Ibsen i 1879 skreiv «Et dukkehjem», skapte han stor forarging ved å la Nora Helmer forlate ektemannen Torvald. Berre to år etter skreiv han «Gjengangere» nesten som ein antitese der han syner kva som skjer om Nora ikkje går. Og skapte med det endå meir forarging.
Rogaland Teater,
Av: Henrik Ibsen.
Regi: Hanne Tømta.
Scenografi: Nora Furuholmen.
Kostyme: Ingrid Nylander.
Lysdesign: Trygve Andersen.
Komponist: Simon Revholt.
Med: Marianne Holter, Anders Dale, Leo Magnus de la Nuez, Ingrid Rusten og Espen Reboli Bjerke.
Helene Alving gifta seg til velstand og tryggleik, men kaptein Alvings utruskap og livsførsel gjorde at ho både rømde til sin gamle flamme, pastor Manders (Anders Dale), og sende sonen Osvald (Leo Magnus de la Nuez) bort alt som seksåring for å skjerme han. Den bokstavtru og lite sosialt intelligente pastoren sende henne heimatt til eit liv i løgn. Nå er det gått tjue år, og ti år sia kapteinen døydde, og ein barneheim til hans minne skal opnast. Pastoren, som har hjelpt til med formalitetane, har for første gong på ti år tatt turen ut frå byen. Og til alt overmål er Osvald vend heim frå kunstnarlivet i Paris.