Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit liv i løgn

ELEKTRISK: Samspelet mellom pastor Manders (Anders Dale) og fru Alving (Marianne Holter) er gnistrande og intenst. FOTO: MINNA SUOJOKI Picasa

Stram og velspela tolking av kva som skjer når du lever eit liv i løgn. Alt før det heile tar til på Rogaland Teaters hovudscene forstår vi av Nora Furuholmens haustfarga og regntunge scenografi at det kviler noko tyngande og dystert over mønsterbruket der den myndige Helene Alving (Marianne Holter) regjerer. For i «Gjengangere» er det fedranes løgner som går att som ei forbanning over alt og alle. Då Henrik Ibsen i 1879 skreiv «Et dukkehjem», skapte han stor forarging ved å la Nora Helmer forlate ektemannen Torvald. Berre to år etter skreiv han «Gjengangere» nesten som ein antitese der han syner kva som skjer om Nora ikkje går. Og skapte med det endå meir forarging.

«Gjengangere»

Rogaland Teater,

Av: Henrik Ibsen.

Regi: Hanne Tømta.

Scenografi: Nora Furuholmen.

Kostyme: Ingrid Nylander.

Lysdesign: Trygve Andersen.

Komponist: Simon Revholt.

Med: Marianne Holter, Anders Dale, Leo Magnus de la Nuez, Ingrid Rusten og Espen Reboli Bjerke.