Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Først blant likemenn.

Bondestudentar 2.0

UNDER DUSK: Arne Garborg. L. Szacinski / Nasjonalbiblioteket

I «Bondestudentar» (1883) skildrar Arne Garborg unge Daniel Braut sitt strev med å bli noko anna enn det han kjem ifrå: «Han lagde dusken bak; lagde dusken fram; lagde dusken midt på aksli; nei. Det vart ikkje rette svingen. Og frakken, – frakken sat, som alle frakkane hans hadde siti. Han såg ikkje ut som student. Han var ikkje student. Han var ein forklædd bonde.» Garborg skildrar lagnaden hans med vid ironi, og eg tenkte raskt på romanen, då eg nyleg las ein reportasje i Morgenbladet om eit importord frå amerikansk campus: first gen. Det står for first generation, og viser til studentar som er først i sin familie til å ta høgare akademisk utdanning.