OMSTRIDD: Kommunen seier ja, og Nordic Mining kan no byrje arbeidet med det kontroversielle gruveprosjektet i Førdefjorden.
Torsdag gav kommunestyret i Sunnfjord tommel opp til gruveselskapet Nordic Mining, som ønskjer å drive utvinning av rutil på Engebøfjellet og lagre overskotsmassane i eit fjorddeponi i Førdefjorden. Det siste hinderet var eit byggjeløyve selskapet hadde søkt om for å byrje arbeidet.