Året var 1996, og Pamela Anderson var verdas vakraste kvinne. Det hang ein plakat av henne over senga til alle storebrør eg kjende. Pamela var Playboy-bunny, Baywatch-stjerne, ho var sex på to bein. Vi, småjentene, benka oss framfor skjermen og såg henne springe langs kvite LA-strender i den ikoniske, raude badedrakta. Ein dag, kanskje, ville vi også få oppleve slik nasegrus beundring. Det var nittitalet, det var lov til å drøyme. Lite visste vi om det helvetet som Pamela Anderson opplevde på same tid.
I bakspegelen ser ikkje nittitalet så idyllisk ut.