Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jussen

  • No 24 år gamle Jean-Kevin Augustin har lenge vore sett på som eit stort fotballtalent. I januar 2020 vart han sendt med privatfly frå Leipzig til Leeds for å fullføre ein låneovergang med opsjon på kjøp etter sesongen i løyndom for å unngå at større klubbar snappa han opp framfor nasa på Leeds. Dei personlege vilkåra, den medisinske testen og forhandlingane mellom klubbane gjekk alt saman heilt fint, og overgangen vart eit faktum. Han fekk eit par innhopp i februar på til saman 48 minutt og vart skadd i fleire månadar. Opsjonen på kjøp til 21 millionar euro ville verte obligatorisk om Leeds rykka opp til Premier League den våren. Eller 1. juli, som det stod i papira.