KONFLIKT: I dag vert folkerøystinga i Hedmark og Oppland avslutta, men fleirtalet i fylkestinget er heilt usamde om kva dei skal bruke ho til.
I ei veke har Innlandet fylkeskommune arrangert ei heildigital folkerøysting som blir avslutta i dag. Innbyggjarane skal ta stilling til om Innlandet skal løyse opp seg sjølv og gå attende til Hedmark og Oppland.