Den doble Oscar-nominasjonen til «Verdens verste menneske» er historisk. Det er sjette gong ein norsk film er nominert til beste internasjonale film, som er ein stor heider, men endå større er det at norske filmskaparar for første gong er nominerte for eit originalmanus. Det plasserer både Joachim Trier, Eskil Vogt og «Verdens verste menneske» i eit svært celebert selskap.
Ein nominasjon som bør feirast og føra til debatt om norsk filmpolitikk.