Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattDomstolsreforma

Feilaktige argument

I Ingvild Wetrhus Thorsvik (Venstre) sitt innlegg i Klassekampen den 3. februar misforstår Thorsvik igjen innhaldet i Riksrevisjonen sin rapport om domstolsreforma. Ho meiner eg argumenterer for ei reversering av reforma når poenget var å peike på at argumenta ho nyttar i debatten er feil.

Riksrevisjonen leverte i 2019 ein alvorleg rapport om at både tingrettane og lagmannsrettane nyttar for lang tid på å handsame saker og bryt fristane i lova. Rapporten trekk fram at dei mindre tingrettane har eit effektiviseringspotensial, men óg at det ikkje er nokon dokumentert sammanheng mellom storleiken på den einskilde domstol og sakshandsamingstida. Dette seier rapporten, og er ikkje ei meining fremja av meg, noko Thorsvik har basert sitt innlegg på.

Hovudbodskapen i rapporten frå Riksrevisjonen er at domstolsadministrasjonen, domstolane og i stort heile straffesakskjeda må sjå på måten dei arbeider på. Dei verkemidla me har i lova for å syta før framdrift i sakene vert ikkje nytta godt nok. Verken Riksrevisjonen si problemskildring eller anbefalingar peikar mot større strukturendringar som løysing.

Riksrevisjonen er Stortinget sitt uavhengige kontrollorgan som gjev oss tilbakemelding på korleis politiske vedtak vert gjennomført i praksis. Då skal me på Stortinget nytta rapportane til å læra av det som faktisk står framfor å trekka fram berre dei argumenta som støttar opp om vårt eige syn.