Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sparte pengar på pandemien

LÅG BLUSS: Politiet hadde eit såkalla mindreforbruk på litt over 1,1 milliardar kroner i fjor. Pengane svarer til 5,6 prosent av budsjettet, som dei ikkje fekk brukt. – Pandemien har hatt store konsekvensar for aktiviteten til politiet i 2020 og 2021. Vi ser at pandemien framleis fører til lågare aktivitet i samfunnet, avgrensar tilgangen vår på materiell og utfordrar evna vår til å gjennomføre planlagde aktivitetar, seier Roger Bjerke, direktør for styringsavdelinga i Politidirektoratet, i ei pressemelding. Undervegs i 2021 viste prognosen at mindreforbruket ville bli betydeleg større enn tidlegare år. – Det vart då gjort grep for å omdisponere ein del midlar, seier han. ©NPK

Bildetekst fi1uKylcS44: