Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regissør Mia Hansen-Løve fant uoppgåtte stiar på øya som Ingmar Bergman gjorde til si. No er Fårö også hennar indre landskap.

Sommaren med Mia

SER PÅ KUNSTNARMYTAR: – Å skriva manus på Fårö var faktisk meir inspirerande enn eg hadde våga å vona på, fortel Mia Hansen-Løve om arbeidet med kinoaktuelle «Bergman Island». Her er ho fotografert på filmfestivalen i Cannes i sommar. FOTO: DOMINIQUE CHARRIAU, WIRE IMAGE/GETTY IMAGES Dominique Charriau

For regissør Mia Hansen-Løve er Ingmar Bergman ein skremmande og forførarisk figur, men «Bergman Island» er eigentleg ikkje om han.

– Det var eit lite mirakel korleis denne filmen vart til, seier Mia Hansen-Løve på mobiltelefon frå Frankrike.