Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Overvinn vi eller styrkar vi høgreekstremisme med konfrontasjon?

Folka bak naziflagga

SVENSKARNAS HUS: Magnus Söderman er ein «jovial» og nifs kar som dukkar opp som leiar for organisasjonen Det fria Sverige i «Omgitt av fiender». FOTO: NENT/ VIAPLAY

Serien om nordisk høgreekstremisme går inn i ein løpande debatt, men har òg eit scoop.

(Noreg, 2022)

Regi: Henrik Evertsson, Jørn Norstrøm

Med: Leiarfigurar i den høgreekstreme rørsla i Norden, forskarar på høgreekstremisme.

Sjanger: Dokumentar.

Lengde: 6 delar på om lag 40 minutt.

Vist på: Viaplay, premiere 20. januar.

«Å undersøke gjennom å skildre er også avslørande», sa journalisten Henrik Evertsson til fagbladet Journalisten i 2018. Evertssons tilnærming – som liknar prinsippa i klassisk dokumentarisme – har gjeve han unik tilgang til kjelder, som elles avviser å la seg intervjua i tradisjonelle media.