Serien om nordisk høgreekstremisme går inn i ein løpande debatt, men har òg eit scoop.
(Noreg, 2022)
Regi: Henrik Evertsson, Jørn Norstrøm
Med: Leiarfigurar i den høgreekstreme rørsla i Norden, forskarar på høgreekstremisme.
Sjanger: Dokumentar.
Lengde: 6 delar på om lag 40 minutt.
Vist på: Viaplay, premiere 20. januar.
«Å undersøke gjennom å skildre er også avslørande», sa journalisten Henrik Evertsson til fagbladet Journalisten i 2018. Evertssons tilnærming – som liknar prinsippa i klassisk dokumentarisme – har gjeve han unik tilgang til kjelder, som elles avviser å la seg intervjua i tradisjonelle media.