Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forlokkande: Ævestaden drar deg inn i eit vakkert, men uroleg univers.

Modernisert folk

DEN EVIGE STAD: Består av Kenneth Lien, Eir Vatn Strøm og Levina Storåkern. For anledning i solnedgang. FOTO: JOHANNES SELVOG
Album

Ævestaden

Ingen mere gråter

Heilo/Grappa Musikkforlag

I Dantes «Den guddommelege komedie» er «ævestaden» eit anna ord for helvete. Men det må ikkje ha ei så tung betyding: Ei æve er noko uendeleg, og stad er … stad. Plass. Ein evig plass. Og no har ordet blitt eit bandnamn: Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien utgjer den ferske norsk-svenske folkemusikktrioen. Dei tre multiinstrumentalistane møttest på folkemusikklinja på NMH (men ideen om å laga band starta visstnok på ei kebabsjappe på Voss.)