Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rumpa

  • Trønderrockarane DDE får no eit rumpemonument i Namsos, så klart fordi dei har gjort den folkekjære songen«Rompa mi» til nasjonalskatt og elles herja landet med landeplage etter landeplage. Vokalist Bjarne Brøndbo var i utgangspunktet ikkje spesielt positiv til å syngje «Rompa mi». Han fortel til NRK Trøndelag om då han først såg teksten: «Dette synger jeg ikke. Dette synger jeg ikke. Det er det dummeste jeg har sett.» Bassist Eivind Berre seier at «jeg tror nok det er en overdrivelse å si at rumpa mi er fin, men monumentet blir nok det». Monumentet av bandrumpene skal opp neste år, då bandet har 30-årsjubileum.