FORSVAR: Ifølgje ei rumensk avis har forsvarsministeren i landet bede parlamentet om lov til å kjøpe 32 norske F-16 jagarfly. Det skriv Forsvarets forum, som siterer den rumenske avisa Romania Journal. Prisen for flya skal vere 454 millionar euro, om lag 4,5 milliardar kroner. Innkjøpet skal òg innebere avtale om utstyr, logistikk og vedlikehald. Forsvarsmateriell stadfestar overfor Forsvarets forum at dei er i dialog med Romania. Frå før har Forsvarsmateriell selt tolv jagarfly til det amerikanske selskapet Draken International.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene