Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Demokratane går med Dei Kristne

EI STEMME: Partiet Dei Kristne (PDK) og Demokratane har gått saman om å utarbeide eit politisk manifest. Førre veke sende dei ut ei felles pressemelding der dei ytra ønske om ein debatt rundt sentrale politiske spørsmål. Dei lista opp fem hovudtema og erklærte 25 programpunkt der dei deler syn. Partileiar Geir Ugland Jacobsen i Demokratane stadfestar overfor avisa Noreg i dag at dette er byrjinga på eit tettare samarbeid. Han svarer bekreftande på spørsmål om mogleg valallianse eller fusjon kan vere aktuelt. Partileiar Erik Selle i PDK avviser samanslåing. Han understrekar at partia sende ut skrivet for å vise veljarane at dei samarbeider. ©NPK