Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk kinofilm steig ut av pandemioska lik ein Føniks. Flyg han til L.A.?

Og Oscar går til …

Norsk kinofilm steig ut av pandemioska lik ein Føniks. Flyg han til L.A.?

Vil kinoen overleva pandemien? Vi veit enno ikkje. I den store koronasamanhengen er sjølvsagt framtida til kinoen eit av dei mindre viktige spørsmåla, men uviktig er det heller ikkje. Kino har i 120 år vore eit rom for kollektive kulturopplevingar. Eit mørkt rom der vi har kunne dela kjærleik og sorg, latter og skam på tvers av sosiale skilje som styrer åtferda og dels empatien vår utanfor salen.