Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Novellene til Merethe Lindstrøm let seg ikkje løyse.

Det fruktbare ubehaget

SKUGGE­LANDSKAP: Novellene til Merethe Lindstrøm fekk meg til å ta tak i det ubehagelege, skriv Ingrid Senje. Her er Lindstrøm heime i Hakadal i 2015. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr /Klassekampen

Ein seinsommar for nokre år sidan svinga eg og kjærasten min inn på ein campingplass i Hardanger. Det var den første ferien vår saman, og vi hadde booka ei campinghytte i nærleiken av ein fottur vi skulle gå. Greiner tunge av eplekart lente seg over oss då vi kom ut av bilen, og graset var doggvått under skoa. Det ser ut som eit postkort, kommenterte kjærasten min.