Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NRKs julekalender er ei svært vellaga førjulshistorie frå Oslos gamle Vika.

Arbeidarjul på teateret

UNG VIKA-HELT: Til liks med julekalenderheltar før han, blir det opp til arbeidarguten Luka (Lukas Langmyr Mabin) å berga både jula og gjenoppretta harmonien i familien, i tillegg til å hindra at Kristiania tivolitheater blir kasta på dør.FOTO: MONSTER/NRK

Fine roller i flott produksjon, men forteljinga manglar driv.

(Noreg, 2021)

Serieskapar: Atle Knudsen.

Med: Lukas Langmyr Mabin, Mehetabel Natnael Hailu, Andréa Othilie Helén Wilhelmsen-Grøtnes, Peter Andreas Hjellnes Moseng, Adam Mamadou Bizokunda, Elma Kolbeinsen, Vegard Strand Eide, Mari Røise Frøyland, Lena Kristin Ellingsen, Sigrid Husjord, Anne Krigsvoll, Mikkel Bratt Silset, Silya Nymoen.

Lengde: Julekalenderserie i 24 episodar à 18 minutt.

Vist på: NRK TV og på NRK1.

NRKs julekalendrar er ein populær institusjon, og sidan «Jul i Blåfjell» (1999) har det vorte lagt store ressursar i kalenderseriar som også er ambisiøse, originalskrivne dramaproduksjonar. Julekalendrane har jamt over halde høg kunstnarleg kvalitet, og både barn og foreldre har gjerne sett dei om att.