Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jordmor-Matja har sagt opp jobben.

Den lengste natta

Advent står for døra, og eg syng julesongar for sonen min i eit forsøk på å introdusere han for konseptet jul. I «Julekveldsvisa» av Alf Prøysen, der julestjerna skin over taket til «a Jordmor-Matja», står Josef irriterande nok og ler medan Maria steller jesusbarnet etter fødselen. På den andre sida: Josef var i alle fall der. Dei som er blitt fedrar under koronapandemien, er blitt sendt på dør frå sjukehuset etter at ungen er født, og mor og barn har blitt verande igjen åleine. Kritikken mot denne praksisen har gitt nytt liv til den debatten om fødsels- og barselomsorg, som no står i full fyr i heile Skandinavia.