Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Militærpolitisk sjølvråderett

Det såkalla forsvarsdepartementet har søkt råd hos Rand Corporation. Tilrådingar derifrå har motivert Norge til å «samarbeide» med USA om ein såkalla tilleggsavtale, «Supplementary Defense Cooperation Agreement». Den kom i stand i april i år. Blir den stadfesta i Stortinget, risikerer Norge å tape den militærpolitiske sjølvråderetten. Norsk suverenitet i Norge veiknar og visnar, bleiknar bort, kan vi seie med ein gravsong. Gjennom oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 fekk Norge råderett over sin eigen utanriks- og militærpolitikk, altså styrka suverenitet. Men den er på ingen måte sikra «til Dovre faller».

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production