Gucci-familien selde seg ut. Det har visst Ridley Scott gjort også.
(USA, 2021)
Regi: Ridley Scott.
Manus: Becky Johnston og Roberto Bentivegna, basert på Sara Gay Fordens bok.
Med: Lady Gaga, Adam Driver, Jared Leto, Jeremy Irons, Jack Huston, Salma Hayek, Al Pacino.
Lengde: 2 t. 40 min.
I 1995 vart den italienske mote-arvingen Maurizio Gucci (Adam Driver) drepen på trappa til kontoret sitt i Milano. Kona – den udanna oppkomlingen Patrizia Reggiani (Lady Gaga), som Maurizio hadde søkt skilsmål frå – vart dømt for drapet.