Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Traaset blir styremedlem i EIC

ABC: Anita Krohn Traaseth blir medlem i det nye styret for Det europeiske innovasjonsrådet (EIC), som rådgir EU-kommisjonen. – Eg vil gratulere Anita Krohn Traaseth med utnemninga som medlem av styret for Det europeiske innovasjonsrådet. Utviklinga av EIC er strategisk viktig for Noreg og for norske vekstbedrifter. Det er ikkje gitt at Noreg får ein medlem i denne typen styre, så dette er veldig positivt, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap). Styret skal mellom anna gi EU-kommisjonen råd om korleis ein vidareutviklar verkemiddel for innovasjon i Horisont Europa, som er EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. ©NPK