ABC: Anita Krohn Traaseth blir medlem i det nye styret for Det europeiske innovasjonsrådet (EIC), som rådgir EU-kommisjonen. – Eg vil gratulere Anita Krohn Traaseth med utnemninga som medlem av styret for Det europeiske innovasjonsrådet. Utviklinga av EIC er strategisk viktig for Noreg og for norske vekstbedrifter. Det er ikkje gitt at Noreg får ein medlem i denne typen styre, så dette er veldig positivt, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap). Styret skal mellom anna gi EU-kommisjonen råd om korleis ein vidareutviklar verkemiddel for innovasjon i Horisont Europa, som er EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Jesus
Dagboka
- Tidlegare i veka vedtok kyrkja ein klima- og miljøplan. Det har sett sinna i kok, så klart. Framstegspartileiar Sylvi Listhaug seier til denne avisa at kyrkja oppfører seg som eit politisk parti. Før klimatoppmøtet i Glasgow tora ho mot at kyrkja hadde skrive ei forbøn om møtet. Tidlegare har ho kalla kyrkja for gjennomsyra sosialistisk. Stortingskvinne Mathilde Tybring-Gjedde (H) sa på Dagsnytt 18 at kyrkja vedtek partipolitiske og ganske venstrevridde standpunkt. Kollega Sveinung Stensland seier til NRK at han ikkje finn grunnlag i bibeltekstane for å stogge oljeleiting.