Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Moralsk pokerspel

YTRE RO, INDRE KAOS: William Tell (Oscar Isaac) tel både kort og synder i «The Card Counter», ein av Paul Schraders mest samtidspolitisk eksplisitte filmar. FOTO: NORSK FILMDISTRIBUSJON

Naudsynt oppgjer med «krigen mot terror».

(USA, 2021)

Regi og manus: Paul Schrader.

Med: Oscar Isaac, Tiffany Haddish, Tye Sheridan, Willem Dafoe.

Lengde: 1 t. 49 min.

Vist på: Kino.

Det er få filmkritikarar som har vorte viktige filmskaparar. Paul Schrader er blant unntaka. Paradoksalt nok heng Schraders utvikling og status saman med at han vaks opp i ein strengt kalvinistisk heim og difor var nær myndig før han såg sin første film. Schrader kom som utanforståande intellektuell til ein sanseleg kinokultur som jamnaldrande hadde fått inn med morsmjølka.