Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jane Campion kastar om på mus og menn i sin revisjonistiske western «The power of the Dog».

I goldt og giftig habitat

SENTRUM – FRAMME OG BAK: Phil Burbank (Benedict Cumberbatch) er heilt fram til siste akt det absolutte sentrum i «The Power of the Dog». FOTO: SELMER MEDIA/NETFLIX KIRSTY GRIFFIN/NETFLIX

Eit sivilisert samfunn må gravlegga patriarkatet.

(USA / Australia / England / New Zealand / Canada, 2021)

Regi og manus: Jane Campion etter Thomas Savages roman.

Med: Benedict Cumberbatch, Kirsten Dunst, Jesse Plemons, Kodi Smit-McPhee, Thomasin McKenzie, Keith. Carradine, Frances Conroy.

Lengde: 2 t. 5 min.

Vist på: Kino, på Netflix 1. desember.

Etter tolv års fråvær frå spelefilm er Jane Campion tilbake med «The Power of the Dog», som vann juryprisen i Venezia i år. Filmen er både ei tematisk og estetisk vidareutvikling og nyorientering for regissøren, som igjen søker mot dei mest brutale kryssingspunkta mellom seksuelle drifter og materiell makt og avmakt.