Kvinneaktivist Seyran Ates og hennar homofile nevø fekk «scenenekt» i offentleg finansiert kultursenter i Berlin. Imamen vart skulda for «islamofobi».
«Skeiv muslim uønskt på woke-festival» var overskrifta i den tyske avisa Bild 28. oktober. Personen det var tale om var Tugay Saraç, nevøen til den tysk-tyrkiske menneskerettsaktivisten og imamen Seyran Ates.