Édouard Louis
Changer: méthode
Roman
Éditions du Seuil 2021, 336 sider
Då Édouard Louis 21 år gamal gav ut debutboka «Farvel til Eddy Bellegueule» i 2014, var det siste stopp på ei reise som førte han bort frå familien, bort frå miljøet han vaks opp i, bort frå barndomen i ein liten landsby i Nord-Frankrike. Romanen blei første stasjon på ei ny reise – ut i verda, til lesarar og litterære scener i Santiago, Pristina, Oslo – men i si nye bok fortel Louis at han med debuten fullførte noko som heile det halvvaksne livet hans til då hadde handla om: å hemne seg på fortida si.