Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Poesi og erotikk

FRI OG FORELSKA: Utdanning er middelet til å bryta sosiale og mentale stengsel i Leyla Bouzids film. FOTO: FIDALGO

Fridom er å læra ikkje å kjenna sin plass.

(Une histoire d’amour et de désir, Frankrike, 2019)

Regi og manus: Leyla Bouzid.

Med: Sami Outalbali, Zbeida Belhajamor.

Lengde: 1 t. 42 min.

Vist på: Kino.

Dei parisiske forstadane er eit opphav til forteljingar som følgjer nokre av dei store, europeiske konfliktlinene i samtida: immigrasjon og identitet, religiøsitet oppvakning og (rasistisk) sosial utstøyting, seksuell fridom og kontroll.