- «Am I wrong?» «You’re not wrong, Walter. You’re just an asshole.» Jeffrey Lebowski sukkar oppgjeven over kameraten Walter Sobchak i filmen «The Big Lebowski» etter at Walter har brukt våpen for å sikre dei plass i neste runde i bowlingturneringa. Som ein kvit, heterofil, mannleg journalist i tretti- eller førtiåra har eg på obligatorisk vis teke til meg mykje amerikansk populærkultur frå nittitalet, og denne replikkvekslinga har vore nyttig. Eg løyser irriterande diskusjonar ved å sukka, tenkje for meg sjølv og går vidare i livet.
Asshole
Dagboka