Glem anarkistiske, røykfylte kultområder i danske storbyer. Vi reiste til Fristaden i Valdres, et sted for sikfiske og ro.
Så det er dere som skal til Fristaden?
DET UDEFINERBARE
Livet me lever, går stort sett føre seg i det språklause.
Område aldri fastlagt» heitte ei diktsamling av Sigmund Mjelve. Det er eit slikt område eg vil nærma meg her. Det er fint å få ord og orden på ting. Me liker å vita kva ting er, og kva dei heiter. Å kjenna mange nyttige omgrep gir oss eit godt grep om røynda. Å ha begrep på ting får oss til å begripa meir. Språket er rikt, og det gir oss moglegheiter til å kommunisera om fenomen og erfaringar, som igjen kan utvida vårt perspektiv og gje oss ny kunnskap. Språket er jo òg det verktøyet me tenkjer med. Det er god hjelp i språket når ein tankejobb skal utførast eller når me skal forklara noko praktisk som skal utførast. Eit omgrep er definert i ordbok og leksikon og gjer at me veit at me meiner nokon lunde det same med eitt og same omgrep.