Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KJENSLER

Eg skammar meg

KNUT LØVÅS

Dei fleste av oss seier ikkje «eg skammar meg». Men me gjer ofte det likevel.

Det vanlege å seie når me skammar oss, er at me har dårleg samvit. «Åh, eg har så dårleg samvit for at eg er for lite saman med ungane, ringer foreldra mine så sjeldan, spring nesten aldri, er berre støttemedlem på treningssenteret …». Det er ikkje grenser for kva me har dårleg samvit for. Men har me eigentleg det? Dårleg samvit handlar om å ha gjort feil ting. Skam handlar om å vere feil.