JORDBRUK: Tilleggsforhandlingane mellom staten og landbruket, som i september vart utsett av Solberg-regjeringa, har starta opp igjen med Støre-regjeringa. I går var det møte på leiarnivå, skriv Norges Bondelag. Jordbruket krev mellom anna kompensasjon for ein kraftig vekst i kostnadene til handelsgjødsel og byggjevarer. Dette er berekna av Norsk institutt for bioøkonomi til å vere 754 millionar kroner. – Det er avgjerande for bonden at den ekstraordinære kostnadsveksten vi no har oversikt over, blir kompensert. Dei auka kostnadene har allereie ete opp svært mykje av dei inntektsmoglegheitene som Stortinget har føresett i årets jordbruksoppgjer, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.©NPK