Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Garasjen

  • I stunder eg jaktar inspirasjon, til dømes til spalter som denne, blar eg opp i gamle notatbøker og ser kva eg har notert meg på tur ein eller annan stad der eg har møtt nokon interessante folk. Vanlegvis er det ikkje så mykje nytt å hente. Ein dag bladde eg gjennom notatboka og fann ei heilt blank dobbeltside, utanom éi line, der eg ein for halvtanna år sidan hadde skrive «Egersund: fine naust». Kva eg der og då tenkte eg skulle bruke den observasjonen til, veit eg ikkje. Fine er kanskje feil ord, naust òg, men for dei som ikkje er kjent i Egersund, så ser ein båtgarasjar og ikkje naust.