Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krana

  • Når eg ser ut kjøkkenvindauget, ser eg over til ein kamerat som bur i ein gamal arbeidarbustad frå den gongen Solheimsviken i Bergen var eit stort verftsområde. Sidan midt på 1850-talet har arbeidarane bygd skip i Puddefjorden, det er berre nokre tiår sidan farfaren min jobba like utanfor der eg bur med å sende solide skip ut i verda. Dei få arbeidarbustadane eg ser bort på, er noko av det siste som er att av den stolte industrihistoria. Løfter eg blikket over mønet på trehusa, ser eg inn til det eg trur er ei kundeserviceavdeling i DNB. Banken har bygd eit digert kontorbygg, like attmed ligg seglbåtar, eit nytt hotell og mykje anna fjongt og fint.