GREP: Regjeringa lover at fødetilbodet i Kristiansund skal bestå også etter 2025. Håpet minkar for alle som trudde Ullevål sjukehus kunne reddast.
Med bunaden på stilte frontfiguren i Bunadsgeriljaen Anja Cecilie Solvik på Hurdalsjøen Hotel. Ho er ein av mange som har sett føde- og barselomsorga i landet på dagsorden dei siste åra. Særleg fødetilbodet i Kristiansund har ho kjempa for.