Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skal spara 256 mill. på reising

MINDRE PÅ FARTA: Den avtroppande regjeringa legg opp til at staten skal spara 256 millionar kroner på mindre reising framover, viser forslaget til statsbudsjett for 2022. Det er dei endra reisevanane under koronapandemien som gir grunnlag for å budsjettera med mindre reiseaktivitet. Sjølv om nivået på reiseaktiviteten vil gå opp att, trur regjeringa at reisinga vil vera på eit varig lågare nivå framover. Det blir i forslaget til statsbudsjett føreslått å senka reiseutgiftene i staten med 5 prosent samanlikna med reiseutgiftene før pandemien, frå 2022. Gevinsttaket skal vera varig.AKH