Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei suverent tilgjengeleg utstilling som synleggjer kvinnekampens nedslag i den nyare kunsthistoria.

Kvinner, kunst og kamp

Politisk kunst utan berøringsangst.

Statens Museum for Kunst i København.

Står til 21. november.

Med: Käthe Kollwitz, Hannah Höch, Hannah Ryggen, Nancy Spero, Paula Rego, Dea Trier Mørch, Kirsten Christensen, Ursula Reuter Christiansen, Kirsten Justesen, Lene Adler Petersen, Jenny Holzer, Mona Hatoum, Shirin Neshat, Pia Arke, Simone Aaberg Kærn, Jeannette Ehlers, La Vaughn Belle og Tabita Rezaire.

Eit gamalt sitat av den tyske kunstnaren Käthe Kollwitz kjem tilbake til meg medan eg går gjennom salane i Statens Museum for Kunst (SMK) i København, der ei større gruppeutstilling med politisk orienterte kvinnelege kunstnarar frå det siste hundreåret for tida vert vist.