Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lys ut forsvaret!

Dei siste åras marknadsgjering av samfunnssektor etter samfunnssektor har eit merkverdig unntak: Burde ikkje forsvaret av Norge ha blitt lyst ut internasjonalt? Den som kunne love det mest effektive forsvaret til den lågaste kostnaden, ville få oppdraget. Kravspesifikasjonen ville naturlegvis måtte innehalde nokre ord om USA og Nato og sånt, men uansett burde ein vel kunne forvente at privatisering og konkurranseutsetting ville føre til både effektivisering og til innsparing av enorme beløp.