Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heimflyttaren gjer inntog i norsk litteratur.

Tur-retur

«Vi blir den byen vi bor i», seier forfattaren Bjørn Arild Ersland i eit intervju med lokalavisa i Mandal. Før nokon ringer Ersland for å krangle om identitet og stadstilhøyrsle, må eg skunde meg å nemne at det ikkje er den faktiske forfattaren Bjørn Arild Ersland som seier dette, men den fiktive forfattaren med same namn i romanen «Mandal – En byroman». Dei to har ein del til felles – dei kjem begge frå Mandal, til dømes – men det er òg viktige skilnadar: I romanen er Ersland ein «Oslo-basert» forfattar, medan Ersland i røynda bur og arbeider i Stavanger.